Mjukt Kaos

Heimelaga i små opplag

Ferdigtrykte koppar, tova sitjeunderlag og småting laga for hand.

Sjå utvalet
Fire handlaga ullbrikker med bål, sol, fjell og gran

Ferdigtrykte koppar til sals no

Vel mellom koppar med tekst, julekoppar og tre små koppar. Send ein e-post og sei kva kopp du vil ha.

Vask desse koppane for hand. Trykket på koppane som er til sals no, toler ikkje oppvaskmaskin.

Det me lagar no

Ting du kan bruke heime, på hytta eller ute på tur. Send gjerne ein e-post for pris og for å høyre kva som er klart.

Tre tova sitjeunderlag i grått, blått og grønt, med initialar

Døme på tidlegare arbeid

Tova sitjeunderlag

Eit mjukt underlag til rast i skogen eller på hyttetrappa.

  • 200 kr per stykk
Spør om sitjeunderlag
Mørke tova glasbrikker med fargerike turmotiv

Tova glasbrikker

Ullbrikker med sol, gran, fjell og bål. Motiva er nåla på for hand.

  • 65 kr per brikke
  • 240 kr for sett med fire
Spør om glasbrikker

Kjem seinare

Personlege krus og flasker

Dei nye krusa blir trykte med ein annan metode, sublimering, og toler oppvaskmaskin.

Her ser du døme på personlege trykk med namn, eige motiv eller firmalogo. Me seier frå på Facebook når bestillinga opnar.

Designforslag: kvite emaljekrus med turmotiv
Emaljekrus · Designforslag
Designforslag: kvit drikkeflaske med Ingrid og ein bladkvist
Flaske med namn · Designforslag

Ein runde til

Brukthjørnet

Brukte barneklede og utstyr som kan få ein ny heim.

Gå til Brukthjørnet

Ta kontakt

Noko du likar?

Skriv kva du er interessert i, så svarar me med pris, kva som er tilgjengeleg og korleis du kan få det levert.

Send ein e-post post@mjuktkaos.no